
Vi tilbyr ferierande og bedrifter eit opphald i eit historisk bygningsmiljø. Havbuvert Gunhild Bjelland inviterer til å - besøke Havbumuseet på Bualoftet og Galleri Havbu i Gamlehuset. Omvising for grupper.
- la deg overvelde av utsikta frå toppen av Store Batalden nær 500 m.o.h. - nyte fred og ro på ei øy utan vegar og motorstøy.
BATALDEN HAVBU har fått byggeskikkpris frå Flora kommune, Bygdeutviklingsprisen (BU) frå fylkesmannen og Olavsrosa frå Norsk Kulturarv for kulturhistoriske kvalitetar og formidlinga av desse. Vi samarbeider med
Fjordkysten og Flora Turlag om tilrettelagde turar på øya og omvising med lokalhistorie og kunst som tema. Sesongen skulle ha starta med opning av Sommarutstillinga 2020 i Galleri Havbu søndag 24. mai under det årlege turarr."Øyane Over". På grunn av koronareglane og andre forhold blei både "Øyane Over"og Sommarutstillinga avlyst Dette kan ogsa skje i 2021
OVERNATTING: juni,juli,august.
|
|
Batalden Havbu Kontaktperson: Gunhild Bjelland Adresse: Store Batalden, N-6917 Batalden Telefon: +47 57 74 54 22 Mobil: +47 95 15 82 69. Lite mobildekning heime Webside: www.bataldenhavbu.no E-post: gunhild.bjelland@gmail.com
OPNINGSTID: Mai- sept. OMVISING: Mai- sept.
|
Vær
|
|
|