REISEMÅTE. Båtruter og turbåtar   
E-post: gunhild.bjelland@gmail.com      tlf. 57 74 54 22/ 95 15 82 69

Batalden Havbu ligg på øya Store Batalden øyriket Batalden vest for Florø.            
Til Florø kjem du med båt, buss eller fly. Kjem du med eigen bil, må den parkerast i Florø. 

Det er parkeringsplassar med park.automat for korttids- og langtidsparkering i hamneområdet.

Det går direkte fly til Oslo og Bergen www.wideroe.no.Tar du ekspressbåten frå Bergen                      

kl 8.00 eller 16.30, kan du nyte ei av landets flottaste reiser gjennom tronge farvatn tett

innpå landskapet.Turen tar ca. 3,5 t.                                              (Oppdatert 10.08.2018)
       
 Fanøy er hovudøya i Batalden med m.a.butikk.       "Øyservice" nærmar seg kaia i Store Batalden. 

TUR PÅ STORE BATALDEN.

Du er velkommen til å gå tur på øya. Studer oppslag og info på kaia før turen.
Rutetidene frå Florø til Store Batalden (røde prikkar) finn du nedst på denne sida.

Ta omsyn til at Batalden Havbu ikkje har gjestehamntilbod og at kaia er privat

og reservert for rutebåt.
Av praktiske grunnar kan turgåarar ikkje la eigen båt eller taxibåt ligge ved kaia utan avtale
på førehand mens dei er på tur. Det gjeld også flytebrygga for små båtar.
Lokalbefolkninga i øyane er flittige turgåarar og har eigne avtalar. Både store og små turbåtar
elles er velkomne til å nytte bryggene på Hillersøy, ei naboøy som høyrer til bruket her.
Her har Florø Båtforeining laga eit flott uthamn.
Studer oppslag med informasjon og kart på kaia før du startar turen på øya.

BÅTRUTER OG RUTETIDER frå Florø til øyane er eit komplisert opplegg og vanskeleg å finne ut 

av for turistar og andre. Derfor har eg laga eit enkelt oppsett over alle aktuelle ruter frå Florø til 

Store Batalden. Evt. endringar finn du på Fjord1 si nettside www.fjord1.no om Florabassenget.

     

"Fjordglytt" går rutene til Store  Batalden lørd. og sønd. Det er ein kombinert passasjer- og godsbåt.

 

  

"Dagning" med damer på tur.


 

Frå Florø til Store Batalden går det hurtiggåande

båtar som tar frå 50 til 80 pers. fleire gonger for dagen.
I ferietida kjem turistruter om formiddagen alle kvardagar
som tillegg.
Det er ein fin tur med flotte båtar med eit hyggeleg og
serviceinnstilt mannskap. Store Batalden er avtalestopp.
så ver nøye med å seie at du skal hit når du løyser billett. 
Du må også ringe båten du vil ta tilbake før avgang Florø.  
Sjå båtar og tlf.nr. lenger nede og på kaitavla i Store Batalden.
Turen tar 30-40 min. på dagrutene og kostar ca.kr.70 for
vaksen, barn ca kr.40. På fleire ruter er det korresp. med 
ekspressbåt til og frå Bergen. 


 RUTETIDER-
 A. Avgang Florø  

 B. Ankomst og avg. Store Batalden 

   A.         B.                                                     
    6.50 - 7.25 må-fr., båt til Brg. 8.35. 

    6.55 - 7.45 lø., båt til Brg 8.35 

    8.30 -10.07 on. til Florø 11.15
  14.30 -15.10 må-fr., båt til Brg. 17.00 

  14.30- 15.30 lø.og sø., båt til Brg. 17.00

  16.00 -16.35 må-fr., båt til Brg. 17.00

  20.00 -20.40 el.21.00 må-fr,sø. båt frå Brg.19.45   
 RETUR: Alle ruter til Store Batalden går  tilbake til Florø

 og brukar 40-60 min.på turen

 
 RUTEBÅTAR  avg. Florø.
 "Sylvarnes"90 64 60 95 må-fr 6.50 og 14.30 

 "Fjordglytt" 95 73 57 77 lø 6.55, 14.30, sø 14.30,on 8.30

 "Sea Service"48 25 87 80 må-fr. 16.00  

 "Øyservice" 91 10 29 00 Florø 20.00 sø-fr

 "Dagning"94 15 05 94 erstatningsbåt

                                 

 
 

 
        

   

 
Batalden Havbu

Kontaktperson: Gunhild Bjelland
Adresse: Store Batalden, N-6917  Batalden
Telefon: +47 57 74 54 22
Mobil: +47 95 15 82 69. Lite mobildekning heime
Webside: www.bataldenhavbu.no
E-post: gunhild.bjelland@gmail.com
 
OPNINGSTID: Mai- sept.
OMVISING: Mai- sept.
             
 
004757745422
Vær




© LightWeb