BYGNINGAR OG UTSTYR                                                     
E-post: gunhild.bjelland@gmail.com                                                                                       Oppdatert 19.03.2017.                                                    
LITLEBUA ligg inst i hamna. MIDTBUA har grovkjøkken, lager og museum. HAVBUA ser du ytst mot sør
med skjerma badeplass bak. GAMLEHUSET ligg lunt innerst i bukta omkransa av lønn og kristtorn.

             
                                                                                                                                                                                     
 
 GROVKJØKKENET I MIDTBUA.
 har komfyr og store panner, stor steiketakke, ekstra kjøleskap, fryseboks, oppvaskmaskin til felles bruk for
 gjestene. Her er også utstyr som servise for minst 20 pers. til bruk på Bualoftet.
  
                    

 KVA FÅR DU HER ?
 Husa har det meste du treng for å nyte opphaldet. Du får oppreidd seng, handkle og såpe og reinhaldsmidlar. 
 frå kaffefilter, kjøkkenrull, oppvaskmiddel, stearinlys   etc. i huset der du bur.  Mat og  personlege toalettsaker
 må du ordne med sjøl.
 Grupper kan få ferdige måltid frå Florø levert på kaia frå "To Kokker" www.tokokker.as 
 Klikk på dei ulike husa i menyen.
  
 UT PÅ SJØEN. Batalden Havbu har ikkje lagt tilrette for fisketurisme.
 Men du disponerer robåt og kan leige påhengs (5-10 Hk).  
 Du kan låne krabbeteiner, men må ta med anna fiskeutstyr. 

 KOR KAN DU HANDLE ? Rutebåten legg til ved kaia der bygningane ligg, så det er enkelt å få varer og bagasje
 i hus. Du   kan handle dagleg varer, aviser, fiskesaker m.m i butikken Batalden Landhandel på naboøya Fanøy
 tlf 57 74 25 55 fax 57 74 75 40. Sjå www.fanoy.no
Batalden Havbu

Kontaktperson: Gunhild Bjelland
Adresse: Store Batalden, N-6917  Batalden
Telefon: +47 57745422
Mobil: +47 95 15 82 69. Lite mobildekning heime
Webebside: www.bataldenhavbu.no
E-post: bataldh@online.no
 
OPNINGSTID: Mai- sept.
OMVISING: Juni- aug.
               
 
004757745422
Vær




© LightWeb