LITLEBUA
E-post: gunhild.bjelland@gmail.com
 
Bua frå 1820 er det eldste av sjøhusa og ein viktig del av grunnlaget for utmerkinga
Olavsrosa frå Norsk Kulturarv til Batalden Havbu i 2000.
Her er lagt spesiell vekt på ei planløysing som gir ei luftig romkjensle i eit elles lite areal. 
Det originale heisehjulet, vinda, er restaurert og har igjen fått plass oppunder taket. 
Litlebua har ein stor og fin terrasse med levegg.
 
Litlebua er eit eksklusivt tilbod til to vaksne. Du får oppreidd seng i dobbelseng på hemsen eller
hjørnesofa som enkel kan gjerast om til seng for den som ikkje likar trappa opp til hemsen. Gjennom
vindaugene framfor vindehjulet ser du ut på hamna frå dobbelsenga. Det gir ein heilt spesiell stemning.
Dei fleste gjestene set pris på at bua har bokhylle med eit utval av romanar, lokale historie- og turbøker
og faktabøker om flora og fauna.
KJØKKENKROKEN
Litlebua har det meste av moderne komfort. Her er kjøleskap, platetopp, oppvaskmaskin, mikrobølgeovn
med steikeovn, mokkamaster og kapselmaskin (Nespresso), brødristar og handmiksar m.m. Her er krydder-
hylle med salt og sukker og div. krydder.
I nabobua, Midtbua, finn du grovkjøkken med komplett komfyr, fryseboks, vaskemaskin m.m.                           

BADET
Her er dusj og hårfønar, såpe og shampo. Du forsyner deg med handkle etter behov.

Interiøret i Litlebua er fornya. Kjøkkenet er blitt lysare, og det luta golvet er malt lys grått.
Det er lettare å halde reint og gir ein fin kontrast til gammalt originalt reisverk.
 
        VED KLAFFEBORDET.
        Her kan du nyte ein frukost for to. 
        Når veret er bra, blir gjerne alle måltid inntatt ute
       på terrassen.
       
 
      
      
        
Batalden Havbu

Kontaktperson: Gunhild Bjelland
Adresse: Store Batalden, N-6917  Batalden
Telefon: +47 57 74 54 22
Mobil: +47 95 15 82 69. Lite mobildekning heime
Webside: www.bataldenhavbu.no
E-post: gunhild.bjelland@gmail.com
 
OPNINGSTID: Mai- sept.
OMVISING: Mai- sept.
             
 
004757745422
Vær




© LightWeb