Turlaget på tur.
  
Batalden Havbu samarbeider med turlag om turar i øyane. Turar med veteranbåt er spesielt
interessante. Bildet viser utsikt frå Store Batalden. Så kjem ein del av Skorpa, litt av Reksta og
Kinn før Alden, og i det fjerne silhuettar av Værlandet og Bulandet mot kveldshimmelen. 
 

                                        

"Øyane over"- 21.mai 2017. Dette er ein svært populær heildagstur (12 timar)i slutten av mai kvart år.

Turen går over dei fleste større øyane i Flora-skjergarden. Store Batalden er hovudstopp med fjellet på
nær 500 m.o.h. Du kan besøke museet i Midtbua og få kaffi på Bualoftet.
Det er alltid kjekt å vere vertskap for den årlege "Øyane over". Velkomne!
 
Flora Turlag har også ei rekke andre lokale turar på programmet m.a. tysdags- og onsdagsturar. Nokre
går til Store Batalden.                                                                                                                                                  
Sjå foto lenger nede frå tidlegare turar. Sjå  www.turistforeningen.no/flora om dato for turane. 
INDIVIDUELLE TURAR.
Du er også velkommen til turar på eiga hand. Mange har vore her før. For dei er det viktig å vite at
starten på turen nyleg er lagt om. Sjå info om dette i oppslagstavla på kaia. Spør oss gjerne om
du er usikker. Frå 1. kan du ikkje lenger la eigen båt ligge ved kaia mens du er på tur.
Sjå info i menyen "Reisa hit".
 
TILBAKEBLIKK
 
HELSE FØRDE
Nista smakar ekstra godt etter ein krevjande tur til  toppen.     
      
 

 

 "Øyane over"  ga inspirasjon til å teste sjøtemperaturen i fjæra ved Havbua.

Fylkesmannen sin tropp 01.06.12 hadde mange spreke karar og damer som kunne nyte natur og kunst på Store Batalden i fire timer.

 Tysdagstur 8.mai.  Den blide gjengen er nett nedkommen frå ein tur nordover på øya og derifrå opp til toppen.

  Nedturen var den vanlege, bratte stien mot sør. Det var ein imponerande prestasjon i samanhangande ausregn. Og humøret er

  framleis på topp. Hipp, hipp hurra for turlaget!

 
   
 
Batalden Havbu

Kontaktperson: Gunhild Bjelland
Adresse: Store Batalden, N-6917  Batalden
Telefon: +47 57745422
Mobil: +47 95 15 82 69. Lite mobildekning heime
Webebside: www.bataldenhavbu.no
E-post: bataldh@online.no
 
OPNINGSTID: Mai- sept.
OMVISING: Juni- aug.
               
 
004757745422
Vær




© LightWeb