Galleri34... OG  Havbumuseet.
 
              
         Foto Oddvar Isene                                                                    "Dagane mine"                                      Maleri av Gunhild Bjelland
OPE ETTER AVTALE. Ta kontakt på førehand når du har lyst på eit galleribesøk. Det gjeld også omvising i Havbumuseet. Du kjem hit med rutebåt, eigen båt eller taxibåt. Kaia er i hovudsak reservert for rutebåt
men her er sett av ein mindre del til galleri- og museumsbesøkande. Som regel går det bra. Du kan f.eks ta 
båten frå Florø kl.14.30 og dra tilbake frå Store Batalden kl. 16.35.

 

 
Snikkaren Stein Olav har innreidd og laga inventar på  Bualoftet. Han har m.a. laga kopi av den gamle vinda i  taket og benker og bord av gammalt treverk.  Ragnar Kristiansen stiller ut tremodellar av gamle båtar. Siste nytt er ein presentasjon av den lokale garnbåten "Fanøyvåg" frå 2016. Her finn du også reiskap og andre bruksting frå tidlegare tider. Store plakatar med foto og tekstar fortel lokalhistoria heilt fram til i dag.
 
 
 
 
Galleristen viser maleri frå kystkultur og havlandsskap,
men jobbar periodevis med heilt andre tema som som t.d bygg og anlegg. I maleria over er uttrykket abstrakt.
Galleriet inviterer også andre kunstnarar til å stille ut.

Denne sommaren er Kjeld og Alexander Stub frå Bergen gjesteutstillarar. Dei populære kunstnarane stiller ut grafikk (linosnitt). meir info kjem HER.

 
 "Mellom knausane"                Gunhild Bjelland
 
Batalden Havbu

Kontaktperson: Gunhild Bjelland
Adresse: Store Batalden, N-6917  Batalden
Telefon: +47 57 74 54 22
Mobil: +47 95 15 82 69. Lite mobildekning heime
Webside: www.bataldenhavbu.no
E-post: gunhild.bjelland@gmail.com
 
OPNINGSTID: Mai- sept.
OMVISING: Mai- sept.
             
 
004757745422
Vær




© LightWeb