Galleriet har no fått si eiga nettside som blir jamnleg oppdatert. Sjå www.galleri34.no
                                                                                                     
       
        GALLERIET ER OPE NÅR GATEBUKKEN STÅR UTE.
     Til vanleg er det torsd., lørd. og sønd.
 
   
      HISTORIKK
      6. des 2014 fekk Batalden Havbu ei ny avdeling i Florø, Galleri 34. Opningsutstillarar var Alexander
      og Kjeld Stub med linosnitt og eg, Gunhild Bjelland, med maleri. Her ser du febr./marsutstillinga med 
      fotokunst av Børge Bjartmann Bjerck frå Florø med tittelen "Transformasjon".  Galleri 34 ligg midt i
      Florø si hovudgate og er blitt svært positivt mottatt av innbyggarane. Så det er kjekt å vere gallerist
      i Strandgata. 
   
       
 
      GALLERI 34 viser store og små kunstverk i ulike prisklassar til eigen stovevegg. Du kan låne bildet heim
      før du bestemmer deg. Kanskje du treng ei jubileums- eller innflyttingsgåve. Og kva med ein dekorativ
      fargeklatt til inspirasjon i bedrifta? Fleire firma har alt funne gåve til ein trufast medarbeidar i Galleri 34.
      
         
      Kjeld og Alexander Stub pakkar ut ny grafikk.             Foto David E. Antonsen, Firdaposten
   
      Galleriet har fått ein eksklusiv avtale med Kjeld og Alexander Stub om å presentere deira kunst på fast
      basis Backstage. Det blir mest uinnramma grafikk.
   
Batalden Havbu

Kontaktperson: Gunhild Bjelland
Adresse: Store Batalden, N-6917  Batalden
Telefon: +47 57745422
Mobil: +47 95 15 82 69. Lite mobildekning heime
Webebside: www.bataldenhavbu.no
E-post: gunhild.bjelland@gmail.com
 
OPNINGSTID: Mai- sept.
OMVISING: Juni- aug.
               
 
004757745422
Vær




© LightWeb